annonse

Lokale kommunar håva inn over 113 mill. på havbruk

Lukrativt
Millionar: Kommunane i Sunnhordland kan venta seg store summar på konto i oktober. Her frå Bremnes Seashore AS i Øklandsvågen på Bømlo, der dei mellom anna produserer Salma-laks. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)
Havbruksfondet - lokale tildelingar

Kvinnherad åleine får dryge 40 millionar kroner frå Havbruksfondet.

Vidar Hope

I går blei kommunar og fylkeskommunar som er omfatta av fiskeindustri tildelt 2,7 milliardar kroner. Av desse gjekk over 113 millionar kroner til kommunane Fitjar, Stord, Bømlo, Tysnes og Kvinnherad.

Tysnes får over 24 millionar kroner på konto. Ordførar Kåre Martin Kleppe (H) seier til avisa Tysnes at pengane skal gå til investeringar og nedbetaling av lån. Prosjekt som kan dra nytte av dette er utbygging av Tysnes skule og ny barnehage på Onarheim.

– Alle kommunar og fylkeskommunar, som har klarerte lokalitetar for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjøen, får ein respektiv del av inntektene som skal fordelast årleg. Jo høgare del av lokalitetskapasiteten den enkelte kommune og fylkeskommune står registrert med i Akvakulturregisteret, jo større del av midlane som skal fordelast vil tilfalla dei, seier Anne B. Osland, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet, i ei pressemelding.

Havbruksfondet består av 80 prosent av det staten har tent på å selja vekst i oppdrettsløyve til selskap som oppfyller ei rekkje miljømessige krav. Dette har gått føre gjennom både søknad og auksjon.

– Først i oktober får kommunane og fylkeskommunane utbetalt pengane, seier Osland.

Fordelingsnøkkelen i Havbruksfondet er 87,5 prosent til kommunane og 12,5 prosent til fylkeskommunane. I tillegg vert det halde av 12,5 prosent av fondet, som skal fordelast blant kommunar som har klarert ny lokalitets-MTB innanfor siste toårsperiode, melder Fiskeridirektoratet.

Fitjar kommune får tett på 12,4 millionar kroner.

– Me er glade for å få ei utbetaling no, samstundes som me veit det er vanskeleg å sjå føre seg at dette er varige inntekter til kommunen. Det aspektet bør påverka korleis ein disponerer ressursane, sa rådmann Olaug Haugen til Sunnhordland måndag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut