annonse

Lokalt kraftselskap inn i Haugaland Kraft

GÅR INN
GÅR INN: Fjelberg Kraftlag forsvinn inn i Haugaland Kraft. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV)

Fjelberg Kraftlag blir ein del av Haugaland Kraft.

Anders Totland

– Integreringa av Fjelberg Kraftlag inn i Haugaland Kraft vil ha ei rekke positive verknader for kundane i vårt område, seier styreleiar i Fjelberg Kraftlag, Sverre Olav Handeland, i ei pressemelding.

Han meiner forsyningstryggleiken og beredskapen i heile Kvinnherad kommune blir styrkt, og at det dessutan tryggjar arbeidsplassar.

– Dei strukturelle endringane sikrar konkurransedyktige tenester og lågare nettleige for kundane våre, seier Handeland, som forsikrar at dei tilsette blir med i overgangen, og at arbeidsstaden blir som i dag.

Gjennomføringa av transaksjonen skjer etter omdanning av samvirkelaget Fjelberg Kraftlag til eit aksjeselskap, og deretter fusjon med Haugaland Kraft. Det endelege vedtaket om fusjonen skal gjerast i eit ekstraordinært årsmøte i Fjelberg Kraftlag.

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut