annonse

Lokalt samarbeid førte til internasjonal pris

Blir heidra
Blir heidra: Teama frå Eidesvik og Wärtsilä, som står bak den miljøvinnande teknologien som no har resultert i internasjonal heider. (Foto: Wärtsilä)
Blir heidra
Blir heidra: Teama frå Eidesvik og Wärtsilä, som står bak den miljøvinnande teknologien som no har resultert i internasjonal heider. (Foto: Wärtsilä)

Den renn inn med prisar til lokalt næringsliv om dagen.

Vidar Hope

I dag tidleg kunne me fortelja at Salt Ship Design for andre gongen har vunne gjæv pris for designet på «Maersk Master». Men det stoppar ikkje der: Eidesvik Offshore og Wärtsilä Norge var i fjor dei første til å erstatta ein generator om bord på eit offshorefartøy med batteri. For dette grepet kunne dei bringa heim OSJ miljøpris for innsatsen for å redusera miljøavtrykka til forsyningsfartøy.

Det skriv Wärtsilä i ei pressemelding.

«Prisen blei tildelt Eidesvik og Wärtsilä Norge på Offshore Support Journal sin internasjonale konferanse i London for forsyningsfartøysindustrien. Saman har dei to norske aktørane nådd ein ny milepåle i batteriteknologi ved at dei i 2017 fullførte installasjonen av eit hybrid energisystem om bord på «Viking Princess», står det i meldinga.

Les også: «Hydrogen» er framtidas ferje

OSJ sin miljøpris blir tildelt eit selskap, eit prosjekt eller eit produkt som i monaleg grad bidreg til å styrkja miljøfokuset i forsyningsfartøysindustrien.

Det norske forsyningsfartøyet er no det første offshorefartøyet der batteri reduserer talet på generatorar om bord. Den nye energilagringsløysinga forbetrar motoren sin effektivitet, reduserer forbruket av drivstoff og minskar klimagassutslepp. «Viking Princess» fullførte testinga og systemet blei overlevert Eidesvik Offshore i oktober 2017.

– Suksessen i dette prosjektet vil påverka heile shippingindustrien i framtiden, seier leiar for prosjekt og operasjonar i Wärtsilä Norge, Sindre Utne.

– I tillegg til drivstofforbruket og miljøfordelar, vert også vedlikehaldskostnadene redusert og dette bidreg til meir effektiv drift, legg Utne til.

Blir heidra
Blir heidra: Teama frå Eidesvik og Wärtsilä, som står bak den miljøvinnande teknologien som no har resultert i internasjonal heider. Foto: Wärtsilä

Han peikar på den breie kompetansen innan hybridløysingar som Wärtsilä Norge, både i Marine Solutions and Service, har bygd på Stord.

– Dette er verkeleg ei framtidsretta løysing, og me gratulerer Eidesvik Offshore med prisen, seier prosjektleiar Kristian Granberg.

Les også: Wärtsilä blant dei mest berekraftige selskapa

Han var til stade i London for å ta imot prisen saman med Vermund Hjelland, som er visepresident for teknologi og utvikling hos Eidesvik Offshore.

På bileta ser de teamet frå Eidesvik og Wärtsilä som har stått bak prosjektet med å installera hybrid-systemet på Viking Princess.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut