annonse

Lomheim slo eit slag for å elska

SPØRSMÅL
SPØRSMÅL: Alexanders Papas stilte spørsmål om verbet bli/verta, og fekk eit inngåande svar frå Sylfest Lomheim. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SAMLA
SAMLA: Heile 10.-trinnet var samla for å høyra Lomheim. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
ENGASJERT
ENGASJERT: Tidlegare språdirektør Sylfest Lomheim. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KJENDIS
KJENDIS: Elias Alvsvåg fekk signert skriveblokk av Sylfest Lomheim. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

– Nåde dykk om de ikkje nyttar a-ending her på Vestlandet, seier språkprofessor Sylfest Lomheim.

  • Anders Totland

– Eg skal ikkje sjikanera den slappe dansken, men fakta er at det er mindre klang i slike språk som dansk og bokmål enn i nynorsk, seier Sylfest Lomheim.

Torsdag inntok han auditoriet på Nordbygdo ungdomsskule til trampeklapp frå elevane på 10. trinnet. Dagen før heldt han foredrag i ei kyrkje på Bømlo, og torsdag kveld skulle han vidare til Fitjar. Då Hallgeir Matre på Nordbygdo ungdomsskule tilfeldigvis fekk nyss i at den røynde språkmannen skulle overnatta hos broren, Ola Malvin Lomheim, som også er nabo med ungdomsskulen, blei det plutseleg ein ekstra stopp på turneen for den tidlegare språkdirektøren.

– Eigentleg skulle eg berre kjøpa ei seng hos Ola Malvin på bruktbutikken, men så kom denne koplinga. Det blei ein veldig god handel, smiler Matre då Sunnhordland slår av ein prat før Lomheim-foredraget startar.

– Veit ikkje kva dei snakkar om

Lomheim nytta timen sin med 10.-klassingane til å snakka varmt om det nynorske skriftspråket, medan bokmålet – og særleg bokmålsbrukarane på Austlandet – fekk hardare medfart. Mellom anna fortalde han om korleis det er å møta ungdom i Oslo, som ifølgje Lomheim er fulle av fordommar mot nynorsk.

– Han Lomheim er ikkje nådig. Han plukkar av dei fordommane. De veit det at det er ikkje storleiken som betyr mest. Ikkje gløym det gutar! sa Lomheim, som sjølv strekkjer seg til 169,7 cm på sokkeleisten.

Og han gav seg ikkje med det. Gjennom timen i auditoriet fekk Oslo-folket gjennomgå jamt og trutt.

SAMLA
SAMLA: Heile 10.-trinnet var samla for å høyra Lomheim. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

– I Oslo er det ikkje alltid så mykje kunnskap og vit. Dei veit rett og slett ikkje kva dei snakkar om, sa Lomheim.

– Hald på a-endinga

Han tok også til orde for å droppa e-endinga som mange nyttar, trass i at det er stikk i strid med dei lokale dialektane.

– Her på Stord skal ein elska og arbeida. Ein skal ikkje elske og arbeide. Viss ikkje de har fått beskjed av lærarane dykkar om å nytta a-ending, bør de ta dei i kragen, sa Lomheim.

Han viste til at også svenskane har a-ending i verba sine, medan bokmål og dansk har e-ending. Og, som Lomheim argumenterte for: Svensk er eit mykje større språk enn både bokmål og dansk.

KJENDIS
KJENDIS: Elias Alvsvåg fekk signert skriveblokk av Sylfest Lomheim. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

– Nåde dykk om de ikkje nyttar den dominerande infinitiven i Norden, sa Lomheim.

– Nøkkelen til alt

I tillegg til å snakka varmt om nynorsk, gjorde professoren det klinkande klart kva som må til for å bli ein god språkbrukar.

– Lær dykk fleire språk, oppmoda Lomheim, og argumenterte for at god språkforståing er nøkkelen til alt her i verda.

– Ikkje stopp med norsk og engelsk. Lær dykk eit tredje språk. Då stig marknadsverdien dykkar med ein gong, sa Lomheim.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut