annonse

Lovar mykje galskap

PREMIEREKLARE
PREMIEREKLARE : Bømlo teater har premiere på «Gjøkeredet» fredag. I alt skal 16 skodespelarar på scenen. (Foto: PRIVAT)

Fredag har Bømlo teater premiere på «Gjøkeredet».

Marius Knutsen

Dramaet byggjer på Ken Kesey sin berømte roman frå sekstitalet. Historia er likevel mest kjend gjennom filmklassikaren med Jack Nicholson i hovudrolla. 

– Den grav alvorlege, men samtidig humoristiske handlinga, går føre seg på ei avdeling for psykisk sjuke. Den brutale pasienten R.P. Murphy gjer opprør mot systemet – personifisert av den empatiske, systemtru og viljesterke avdelingsleiaren Rakel, fortel Øystein Kausrud, dagleg leiar i Bømlo Teater.

Til saman har 16 av teaterlaget sine skodespelarar jobba med framsyninga sidan september i fjor.

– Vår framstilling av historia er ikkje, som i boka då ho kom ut i 1962, ein kritikk av psykiatrien og institusjonen. Me fortel historia gjennom dei mellommenneskelege relasjonane, stiller spørsmål om kven som eig sanninga og ser på kva som skjer når nokon kjem inn og rokkar ved det trygge, seier regissør Runa Våge Krukhaug.

Teaterstykket har premiere fredag, men går også laurdag og søndag i Bømlo kulturhus.

– Me vil fortelja historia om folk. Når me har det som verst, om skam og botnlause nederlag, og om samhald og kameratskap. Det å vera vekke så alt for lenge – og kanskje finna trua på å ein gong få komma tilbake, seier Kausrud. 

Per Arne Moldøen, Ingrid Leithaug Mjanger, Geir Ersland, Jane Vika, Vegard Eidet Hansen, Rannveig Steinsbø, Frode Steinsland, Karoline Steinsvåg, Dag Bøthun, Janne Gilje Røsland, Marianne Grønnevik, Martin Vika, Ann Kristin Fostervoll, Ole Kristian Grindheim, Eirin Nordvik og Mathilde Wiik er skodespelarane som skal på scenen. Kunstnaren Janne Robberstad har laga scenografien.

Sjekk kulturoversikta i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut