annonse

Lovens lange arm festar grepet

: Odd Harald Hovland (Ap) har eit godt grep om veljarane på Bømlo.
Arkiv (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
:
:
: Anri Håvard Hebib er den yngste ordførarkandidaten på Bømlo, med den tyngste starten på valkampen. Arkivfoto
Meiningsmåling

Ordførar Odd Harald Hovland sitt parti er det einaste partiet som går fram frå sist val.

  • Anders Totland

Ei meiningsmåling som blei gjort på slutten av førre veke for Sunnhordland og Bømlo-nytt, gjev all grunn til å vera nøgd for den sitjande ordføraren. Med ein auke på 6,8 prosentpoeng, vil Ap sikra seg ni mandat i kommunestyret, og bli det desidert største partiet i kommunen.
 
 
Med ein tredjedel av representantane i ryggen, skal det godt gjerast at Hovland ikkje må søkja permisjon i fire nye år frå stillinga som lensmann på Stord.
 
 
 
– Det er veldig inspirerande, og eg er både nøgd og audmjuk, seier Hovland.
 
 

– Solid mannskap

– Kva trur du er grunnen til at det gjer det så bra no?
 
 
 
– Me har vist at me kan styra ganske stødig, og det har vore ei god utvikling i kommunen. Me har eit solid mannskap, og me har også ei bra liste, seier Hovland.
 
 
 
Det er heller inga ulempe at Hovland er ordførar, meiner Hovland.
 
 
 
– Det er ein trend me ser i alle kommunar, at det betyr ein del å ha ordføraren. Det er nok ikkje noko ulempe, så lenge det går nokolunde bra, seier Hovland som kan gle seg over å ha den mest trufaste veljarmassen, berre slått av De Kristne.
 
 

Mister halvparten

Sjølv om alle dei andre partia som stilte liste i 2011 anten står i ro eller går tilbake på målinga, er det Høgre som er den store taparen. Med 26,2 prosent oppslutnad i 2011 blei Høgre det største partiet i kommunestyret denne perioden, og har, til liks med Ap, hatt sju mandat.
 
 
 
Om den ferske målinga slår til om ein månad, mister partiet to av mandata, og blir knapt større enn Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti.
 
 
 
Les også: Stord kommune møtt med skepsis på Bømlo
 
 
 
Av alle som røysta Høgre i 2011, er det berre 47 prosent som seier at dei ville gjort det same om det var val i dag. Det skremmer ikkje Anri Håvard Hebib.
 
 
 
– Eg er ikkje så uroleg for dette. Me må bruka det som motivasjon, enkelt og greitt, seier ordførarkandidaten.
 
 

– Treng tid

Som den yngste ordførarkandidaten på øya, trur 20-åringen at ein del bømlingar kan vera skeptiske i utgangspunktet. Det håpar han å gjera noko med, ved å møta og snakka med folk fram mot valet.
 
 
 
– Eg trur bømlingane treng litt tid på å venja seg til tanken. Men me har eit godt lag, og skal klara å overtyda dei me møter, seier Hebib.
 
 
 
Les også: Hebib vil gjera Bømlo til verdas beste plass å bu
 
 
 
Han ser ikkje vekk frå at Hovland har ei høg stjerne hos mange, og at det difor kan vera ekstra vanskeleg å utfordra den sitjande ordføraren. Men understrekar at det ikkje berre er kven som sit med ordførarklubba som avgjer politikken.
 
 
 
– Ein må tenkja heilskap, og då lyt ein sjå på kva dei ulike partia har gjort og vil gjera, seier Hebib.
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut