annonse

Løyver pengar til lokale vegprosjekt

Ferjefri E39
Ferjefri E39: Ulike løysingar har vore drøfta for å få ferjefri strekning mellom Stord og Bergen, blant anna ei flytebru a la denne over Bjørnafjorden. Regjeringa ønskjer å løyva meir prosjektmidlar til ferjefri E39 i det nye statsbudsjettet. (Foto: LMG MARINE)

Dei som ventar på ferjefri E39, må smørja seg med tolmod.

Anita Haugland

Bergens Tidende skriv at regjeringa foreslår å løyva 35,9 milliardar kroner til vegformål i 2018. Det er 2,3 milliardar meir enn i budsjettforslaget for 2017.

– Samferdsel er ein av vinnarane i statsbudsjettet. Ein ambisiøs nasjonal transportplan blir følgt opp i første budsjettår, uttaler finanspolitisk talsmann for Frp, Helge André Njåstad til bt.no.

Dei som ventar milliardar til dei største vegprosjekta i fylket blir nok likevel skuffa. E16 og E39 får midlar til framleis planarbeid, men det er framleis eit godt stykke fram til byggjestart.

Desse vegprosjekta får pengar

* Planleggingsmidlar E39: Til planlegging foreslår regjeringa å setja av midlar blant anna til arbeidet med kommunedelplan på enkelte strekningar på E39 mellom Bokn og Stord i Rogaland og Hordaland, i tillegg til reguleringsplan på E39 på strekningen Stord–Os i Hordaland.

* E39 – fornying av tunnelar: Regjeringa vil setja av midlar å fullføra utbetringa av Masfjord-, Bømlafjord-, Matreberg-, Trodals-, Munkebotn- og Uføretunnelane, og til å vidareføra utbetringa av Nordhordlandsbrua.

* E39 – ladestraum på ferjekaiar, Os og Fitjar kommunar. Regjeringa foreslår å leggja til rette for landstraum på ferjekaiane Halhjem og Sandvikvåg.

I tillegg vil regjeringa løyva tilskot til ikkje-statlege lufthamner. Det er sett av 30,1 millionar kroner til dette føremålet. Stord lufthamn er omfatta av tilskotsordninga saman med lufthamnene Notodden og Ørland. Samferdselsdepartementet har inngått avtalar om kompensasjon for tenester av almenn økonomisk interesse med dei aktuelle lufthamnene. Avtalene gjeld for åra 2016–2020.

Les også: Ap-Støre meiner regjeringa ikkje tek tak i dei store oppgåvene

Regjeringa foreslår også å løyva 69,7 millionar kroner til tilskot til breibandsutbyggjing i område der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging. Kommunar og fylkeskommunar kan søkja om midlar. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit vil i samarbeid med fylkeskommunane tildela midlar til dei enkelte prosjekta.

Når det gjeld utdanning i Hordaland, foreslår regjeringa å auka løyvinga til Høgskulen på Vestlandet (HVL) med 1,7 millionar kroner til 40 studieplassar i IKT.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut