annonse

Lufthamna hadde minnemarkeringar

MARKERTE
MARKERTE: Dei tilsette ved Stord lufthamn markerte i dag at det er tjue år sidan 9 danske statsborgarar omkom i ei flyulukke ved Sørstokken. (Foto: STORD LUFTHAMN)
VAR MED
VAR MED: Fleire tilsette var med på markeringa fredag. Frå venstre er Lisa Klubben, Lars Halleraker, Jan Morten Myklebust og Thomas Gjertsen. (Foto: Stord lufthamn)
ONSDAG
ONSDAG: Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust på minnemarkeringa onsdag, for dei som omkom i flyulukka for 12 år sidan. (Foto: STORD LUFTHAMN)

I dag markerte Stord lufthamn at det er 20 år sidan 9 danske statsborgarar mista livet i ei flyulukke like ved lufthamna.

Ingvild Siglen Berger

Ulukka skjedde ei haustnatt i 1998. Cessna 402-småflyet styrta i skogen på Sørstokken, 300 meter frå rullebanen. Dette skal ha skjedd fordi flyet gjekk tom for drivstoff og ikkje nådde fram.

Lufthamna markerte dagen ved å leggja ned blomar på minnesmerket i sørenden av rullebanen.

– Personell frå lufthamnadministrasjonen og lufthamnas brannstasjon deltok. Eg har også hatt telefonkontakt med pårørande i Danmark i løpet av dagen, fortel lufthamnsjef Jan Morten Myklebust til Sunnhordland.

I tillegg vart det onsdag denne veka markert at det er 12 år sidan fire personar omkom då eit fly frå Atlantic Airways havarerte under landing. Flyet hadde 16 menneske om bord, og tok fyr då det køyrde av rullebanen.

– Borte men aldri gløymd. Våre tankar går til dei pårørande, skriv Stord lufthamn på si Facebook-sid om minnemarkeringane.

Lufthamnsjefen la òg ned blomster ved minnesmerket etter ulukka i 2006.

– Denne arbeidsveka har såleis vore ei spesiell veke for oss som jobbar på Stord lufthamn, seier Myklebust.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut