annonse

Lyngbrann like ved bustadhus

Brann
Brann: Brannvesenet var raskt på plass og fekk kontroll på lyngbrannen, like ved eit bustadhus, i natt. Foto (Foto: )

Det byrja å brenna like ved eit bustadområde i natt.

Magne Kydland

Politi og brannvesen rykte natt til tysdag ut til ein lyngbrann ved Sæbøhaugen på Stord.

Det brann i lyng i terrenget, berre om lag 15 meter frå næraste hus.

Melding om brannen kom cirka klokka 03 i natt.

Brannvesenet var raskt på plass og starta sløkkinga.

Berre kort tid etter kom det melding om at brannen var sløkt. Då hadde eit område på om lag 50 kvadratmeter blitt svidd av.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut