annonse

Må finna ny rådmann

AVTALE
AVTALE: Ordførar i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø, må no finna ny rådmann til kommunen. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

Kvinnherad-rådmannen seier opp stillinga si.

Olav Røli

Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) sa måndag kveld til Kvinnheringen at rådmannen, Odd Ivar Øvregård, hadde sagt opp stillinga si. Dette skjedde 11. mai.

Ifølgje ei pressemelding skal dei to ha hatt ein ryddig og open dialog i prosessen, og ein har avklara at det ikkje er grunnlag for ei vidare personalsak mot rådmannen.

– I lys av situasjonen som har vore vanskeleg for rådmannen, med mellom anna mykje spekulasjonar i media, er ein likevel blitt samde om å avslutta samarbeidet, skriv Slettebø i pressemeldinga.

Striden starta då det kom fram at tilsette i økonomiavdelinga hadde signert ein låneavtale på seks millionar kroner til Folgefonn-senteret, før saka var behandla politisk. Då sa ordføraren til Kvinnheringen at dei oppretta personalsak mot rådmannen, og at dei meinte seg førte bak lyset i saka om eventuell kommunal overtaking av eit lån på seks millionar.

BAKGRUNN: Meiner seg ført bak lyset

Men no er det altså klart at det ikkje vert personalsak mot rådmannen. Han skal stå i stillinga til 1. juli 2018, og 24. mai skal politikarane diskutera sluttavtalen til Øvregård.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut