annonse

Må halda avstand grunna gassflaske

RYKKJER UT TIL HYTTEBRANN
RYKKJER UT TIL HYTTEBRANN: Brannvesenet på Bømlo har akkurat fått melding om at ei hytte står i brann. Hytta skal vera overtent. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Alle naudetatar rykkjer ut.

Olav Røli

Klokka 17.10 søndag fekk brannvesenet melding om at ei hytte stod i full fyr på Bømlo, nærare bestemt på Agasøster.

Ifølgje politiet har alle naudetatane rykkja ut, og hytta skal vera overtent.

Ingen personar skal vera inne i hytta, men ei gassflaske i ein bod gjer at naudetatane må halda avstand. 

Ifølgje BT skal ein tankbil vera på veg frå Stord for å hjelpa til med ekstra vatn. Det skal vera lite vatn i området til å sløkkja med.

Rett før klokka 18.00 melder 110-sentralen Sør-Vest at det er fare for spreiing til utmark, men at det er gunstige vindforhold på staden. Likevel har dei ikkje kontroll på brannen. 

Les også: Hyttebrann har spreidd seg til lyngen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut