annonse

Må leggja brakk anlegget etter sjukdomsfunn

SJUKDOM
SJUKDOM: Dette anlegget må no leggast brakk, etter at det i helga blei påvist sjukdom hos fisken. (Foto: BREMNES SEASHORE)

Bremnes Seashore reknar med å tapa fleire titals millionar kroner på laksesjukdommen som blei påvist i helga.

Anders Totland

Tysdag morgon sende Bremnes Seashore ut ei pressemelding om at dei har fått påvist ILA på lokaliteten Gissøysundet, som ligg på vestsida av Bømlo. Dei har sett i verk umiddelbare tiltak for å hindra spreiing, og gjer vidare tiltak i samråd med Mattilsynet.

Til Sunnhordland seier administrerande direktør Einar Eide at dei må slakta vel 900.000 fisk som følgje av sjukdommen. Fisken veg om lag 2,1 kilo, noko som inneber at 2.000 tonn fisk må slaktast, for å reinsa opp i anlegget. Sjølv om fisken kan etast, og dermed kan gå inn i produksjonen, er selskapet førebudde på at sjukdomsutbrotet vil gje store økonomiske konsekvensar.

Mindre fisk

– No må me slakta fisken betydeleg tidlegare enn me hadde tenkt. Det går utover mengda fisk som skal til slakting framover, og vil også merkast i produksjonen, seier Eide.

Etter at fisken er slakta og alt er vaska ned, må anlegget liggja brakk i to månader. Uansett vil ikkje anlegget kunna takast i bruk før neste brakkleggingsperiode for denne sona er omme.

– Me kan ikkje seia det sikkert enno, men det blir nok snakk om nokre titals millionar kroner i tap, seier Eide.

Permitteringar

Det kan også bli aktuelt med permisjonar.

– No vil me få ein travel periode på pakkeridelen vår framover, der dei vil få mykje å gjera. Men så vil det komma ein rolegare periode, som kan innebera permitteringar. Men det er for tidleg å seia enno, og me jobbar med no kompenserande tiltak, seier Eide.

Kva som har gjort at fisken på anlegget har blitt smitta, er det også for tidleg å seia noko om. Men Eide forsikrar at dei gjer det dei kan for å finna ut av det.

– Det er så langt ingen indikasjon på at dette er noko anna enn eit eingongstilfelle, og me reknar med det stoppar med dette, seier Eide.

Infeksiøs lakseanemi (ILA) er ifølgje Mattilsynet forårsaka av eit virus. Dette fører til sjukdom hos laks, men er ikkje farleg for menneske.

Sjukdommen er smittsam, og ved utbrot av ILA blir det ofte oppretta eit kontrollområde for å nedkjempa sjukdommen og for å avgrensa vidare spreiing, opplyser Mattilsynet på nettsidene sine.

anders@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut