annonse

Må på ny runde i kommunen

Ikkje i mål
Ikkje i mål: Stord kristne skule må søkja kommune på ny om å få godkjent eigedommen på Heiane til skuledrift. (Foto: Arkiv)

Stord kristne skule er framleis ikkje heilt i mål. Skulebygget på Heiane må godkjennast av Stord kommune og saka må opp i forvaltningsstyret på ny.

Hilde Vormedal Nybø

For éi veke sida jubla skulen over at dei fekk godkjenning frå Fylkesmannen i tolvte time, og at det ikkje var meir som stod i vegen for oppstart. Ei veke seinare viser det seg at det framleis er skjer i sjøen.

– Eg som styreleiar informerer med dette om at me ikkje er heilt i mål med alle godkjenningane til Stord kristne skule. Eg trudde alt var klart, då me fekk Fylkesmannen si godkjenning. Dette til trass for at RBO i kommunen har informert oss om at me måtte søkja til kommunen om å få nytta bygget til undervising på grunnskulenivå, skriv Geir Martin Økland i ei pressemelding.

Har ikkje søkt

Stord kommune sende, ifølgje kommunalsjef Lovise Vestbøstad, Stord kristne skule eit brev 31. juli. Her står et at skulen må søkja om å få bygget godkjent til skuledrift.

– Sakshandsamar hjå Fylkesmannen har informert oss om at sjølv om dei har godkjent bygget til undervising, så kan kommunen stengja bygget for oss, om dei meiner at det vert nytta til føremål som bygget ikkje er godkjent til. Eg beklagar at me ikkje tok på alvor at kommunen gjorde oss merksam på dette før, og vil takka kommunalsjef og RBO (regulering, bygg og oppmåling) for at dei er svært samarbeidsvillige og hjelpsame i denne prosessen. Me jobbar no mot godkjenning av bygget, skriv Økland i pressmeldinga.

Trengs ny godkjenning

– Lokala på Heiane er godkjent til undervisning på vidaregåande skule, men ikkje godkjent for bruk til barneskule. Sidan det er snakk om ein dispensasjon så må saka opp til politisk handsaming, seier Vestbøstad.

– Det betyr ei politisk sak tilsvarande handsaminga av godkjenning av skule i Podlen?

– Både ja og nei. I begge tilfelle er det snakk om skuledrift i eit næringsiområde. Men på Heiane er det jo snakk om ei heilt anna plassering, seier Vestbøstad.

Tidsnaud

Stord kristne skule har tidsnaud med å rekka oppstart innan byrjinga av oktober, som er naudsynt med omsyn til godkjenninga frå departementet.

– Kor raskt er det mogleg å gje eit svar til Stord kristne skule?

– No har me jo ikkje fått søknaden. Kommunen har frå tid til anna saker som gjeld næringsutøvarar og andre som har dårlig tid. Me har lova Stord kristne skule at me vil gjera det me kan for å få saka fort opp, men me er mellom anna avhengig av at forvaltningsstyret har eit ekstraordinær møte, seier Vestbøstad, som fortel at Nils Magne Blålid, som er leiar av forvaltningsstyret, er orientert om situasjonen.

Siktar på oktober

Parallelt med arbeidet med å få godkjent den nye skulen, jobbar Stord kristne skule no på spreng med å rekruttera elevar.

– Førstkommande tysdag kan foreldre og framtidige elevar få kika rundt på skulen og møta personalet, opplyser Økland, som vil ha tilsvarande ordning tysdagen etter.

– Me førebur innskriving innan 1. oktober, og skulestart 2. oktober. Me vil oppmoda alle som er interessert i å ha borna på skulen til å ta kontakt, då det er viktig for oss å få registrert borna før 1. oktober, seier Økland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.