annonse

Må setja i gang strakstiltak

KUTT
KUTT: Rådmann Magnus Mjør og økonomisjef Hege Etterlid må no finna fram mogelege sparetiltak i samband med budsjettet for 2018. Formannskapet vil at tiltaka skal setjast i verk snarast. (Foto: Olav Røli)
FORSLAG
FORSLAG: Jakob Bjelland (Sp) meinte mykje av grunnen til auken i bruken av pengar i Stord kommune så langt i år, låg utanføre politikarane sin kontroll. (Foto: OLAV RØLI)

Formannskapet gav rådmann Magnus Mjør i oppdrag å finna fram til sparetiltak i kommunen.

Olav Røli

Det vart vedteke då formannskapet i Stord kommune hadde møte onsdag.

Grunnlaget er at Stord kommune ser ut til å styra mot eit overskot på 14 millionar i 2017, mot 35 millionar som var budsjettert. Det betyr at to tredjedelar av eigedomsskatten vart brukt til drift, ikkje investeringar, som var målet då den omstridde skatten vart vedteken.  Noko av grunnen til at overskotet er mindre, er mellom anna nedgang i skatteinngangen, og større utgifter innan NAV og barnevern.

Høyringsfristar

Jakob Bjelland (Sp) sette fram forslag om at innsparingstiltaka som rådmannen kjem fram i samband med budsjettet for 2018, vert sett i verk så snart som råd er. Dette for at kommuneøkonomien kan verta betre i år.

- Så vil det kanskje komma ein del utfordringar med høyringsfristar, men det får me løysa, sa Bjelland.

Forslaget frå Bjelland fekk tilslutnad frå eit samrøystes formannskap.

- Trist

Sverre Olav Svarstad (H) var langt på veg einig med Bjelland og støtta forslaget hans om tilleggspunkt, men minna om at H og Frp allereie tidlegare i år hadde åtvara om rekneskapsåret 2017 kunne verta vanskeligare.

- Det er trist å vera vitne til ei slik utvikling med at eigedomsskatten skal brukast til å saldera budsjettet. Og held me fram denne utviklinga, vil det få konsekvensar for nokre av dei prosjekta som kommunen no er i gang med, sa Svarstad.

Tre veker

Rådmann Magnus Mjør kjem til å leggja fram Stord kommune sitt budsjett for 2018 om cirka tre veker. På slutten av diskusjonen om økonomien, kunne økonomisjef Hege Etterlid opplysa om at skattetala for september viste ei auke på 2,7 millionar i høve budsjettet.

- Me byrjar no å merka at arbeidsløysa går ned, sa Etterlid. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut