annonse

Må stengjast etter alvorlege funn

Stengt
Stengt: To bilverkstader på Stord er stengt etter aksjon. (Foto: A-krim Haugaland)
A-krim Haugaland

To bilverkstedar blei i sist veke stengt på dagen under ein tverretatleg aksjon mot arbeidslivskriminalitet på Stord.

Vidar Hope

Det melder A-krim Haugaland og Statens vegvesen. Etatane kontrollerte om verkstedene var godkjent, om dei tilsette hadde lovlege arbeidsforhold og om verksemda betalte skattar og avgifter i høve til regelverket.

Verkstadene blei stengt på grunn av manglande godkjenning frå Statens vegvesen. Vidare vil Arbeidstilsynet varsla pålegg om fleire forhold. Det som gjekk igjen skal vera manglande ventilasjon og manglande oversikt over kjemikaliar (stoffkartotek). Utover dette blei det også avdekt brannfarlege forhold som vil bli sendt vidare til brannvesenet, står det i ei pressemelding.

– Verkstadene hadde avgrensa kunnskap om lovverket, helse, miljø og tryggleik. Det er skremmande å sjå at mange nyttar seg av ulovlege verkstad og dermed utset seg sjølv og andre trafikantar for fare. Dei kan utgjera ein stor risiko i trafikken med tanke på feil og manglar, seier Jens Storhaug, senioringeniør i Statens vegvesen.

For å driva med godkjenningspliktige reparasjon av køyretøy må verkstaden vera godkjent av Statens vegvesen. Det vert mellom anna stil krav til kompetanse og utstyr. Kundane som hadde bilane sine på dei ulovlege verkstadene vil no bli kalla inn av Statens vegvesen for teknisk kontroll.

– Ingen av verkstadene som me besøkte hadde godkjenninga og begge utførte ulovleg reparasjonsarbeid. Verkstadene har dessutan tidlegere blitt orientert om kva for krav som vert stilt for å bli godkjent, seier Storhaug.

- Me oppmodar alle kundar som skal ha bilen reparert om å bruka godkjende verkstader. Desse vil ha eit godt synleg skilt for publikum som viser at dei er godkjent av oss. Er ein i tvil om verkstaden er godkjent kan ein også sjekka det på www.vegvesen.no, legg Storhaug til.

Felles talsperson for A-krim Haugaland, Marie Aanensen, ber forbrukarane vera på vakt når dei vel bilverkstad.

– Dei aller fleste følgjer regelverket, men dersom éi verksemd tilbyr deg ein mykje billigare pris enn konkurrentane, er det ein risiko for at aktøren ikkje følgjer lovverket, seier ho i pressemeldinga.

Aanensen ber forbrukarane velja seriøse aktørar.

– Syt alltid for at salet vert slege inn i kassen og be om kvittering. Betal med kort. Det er eit effektivt verkemiddel som gjer det vanskelegare å driva med arbeidslivskriminalitet, seier Aanensen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut