annonse

Mann drog ned buksa og blotta seg – blei filma av kvinne

Blotta seg
Blotta seg: Mannen drog ned buksa og blotta seg, medan kvinna drog opp telefonen og filma. Dermed vart blottaren raskt pågripen av politiet. Ugjeringen skal ha skjedd einn eller annan std i det populære turområdet i Landåsen/Skjepåsen. (Foto: Arkiv)

Mann teken med buksene nede.

Magne Kydland

Det var for ei lita veke sidan at ein mann skal ha blotta seg for ein kvinneleg turgåar i området Landåsen/Skjepåsen. Mannen vart bokstavleg tala teken med buksene nede, då den snarrådige kvinna tok opp mobilen og filma gjerningsmannen. Dermed hadde ikkje politiet særleg med vanskar å finna syndaren.

– Det stemmer at me har hatt ei blottesak på bordet, ja, stadfestar politioverbetjent Trond Atle Sjøvold ved Stord lensmannskontor.

Mannen, som er i 60-åra, har innrømma forholdet, og saka er sendt vidare til vurdering av ein politijurist.

– Me ser på saka som oppklart og ferdig etterforska, seier Sjøvold.

Så vidt politiet veit har ikkje blottaren vore teken for liknande ting før. Offeret i saka var ei vaksen kvinne, som heldt hovudet kaldt og straks melde saka til politiet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut