annonse

Mann i 20-åra køyrde bil i narkorus

Fengsel
Fengsel: Mannen blei stoppa av politiet på nattetid i mai 2018. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / illustrasjon)

Ein mann i 20-åra er dømd til 18 dagars fengselsstraff for ruskøyring.

Hilde Vormedal Nybø

Mannen blei stoppa av politiet i bil nattetid på Stord i mai i fjor. Blodprøvene viste at han var påverka av narkotiske stoff tilsvarande ein promille på 1,2.

I tillegg til fengselsstraffa er mannen dømd til å betala ei bot på 20.000 kroner, og han må klara seg utan førarkort i to år.

Les også: Dyr søndagstur for bilist i Sagvågsvegen

Les også: Johnny (58) blei påkøyrd i fotgjengarfelt på Heiane 

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut