annonse

Mann i 20-åra mistenkt for lyngbrannen i Sæbøhaugen

SVÆRT NÆRE PÅ
SVÆRT NÆRE PÅ: Nabolaget i Sæbøhaugen opplevde marerittet natt til tysdag då ein lyngbrann herja i skogholtet like ved bebyggelsen. (Foto: KIRSTEN GRANLI)

  • Henrik Mundal Andreassen

Natt til tysdag rykte brannvesenet ut til ein lyngbrann i byggjefeltet Sæbøhaugen ved Kåreviksmarka. Etter rask respons frå brannvesenet, vart brannen sløkt innan ein halvtime, men eit område på 30x30 meter vart likevel svidd av, berre få meter frå næraste hus.

Ein mistenksam mannsperson hadde blitt observert av bebuarar i området i timane før, og desse vitneopplysingane har no bore frukter for politiet.

– Me reknar oss no nærare ei oppklaring, etter at ein mann i 20-åra frå Stord har blitt avhøyrt. Han kan knytast til hendinga i Sæbøhaugen, seier lensmann Roald Raunholm.

Mannen har ifølgje politiet knytt seg sjølv til brannen som har oppstått, men nøyaktig kva som har skjedd og kvifor, er noko den vidare etterforskinga vil prøva å få svar på.

– Politi og brann snakka tidlegare om at brannen kunne ha blitt kveikt av ein sigarett, for alt dei visste?

– Det kan godt henda. På staden fann me ikkje noko spor etter kva som kan ha starta brannen, som til dømes ein eingongsgrill eller liknande. Så ein sigarettsneip er ikkje umogeleg. Uansett er dette noko etterforskinga vil bringa klarleik i, seier Raunholm.

– Er den mistenkte arrestert?

– Han er ikkje sikta, som vil seia pågripen. Men han har blitt oppsøkt av politiet, blitt avhøyrt, og blitt gjort klar for sine rettar rundt det å vera mistenkt for ei straffbar handling. Så vil påtalemynde avgjera ein eventuell sikting, seier Roald Raunholm.

Lensmannen opplyser vidare at mannen i 20-åra frå Stord er ein kjenning av politiet, og at han også er mistenkt for eit innstigingsinnbrot i området.

– Han er mistenkt for å ha teke seg inn i ein garasje, der han skal ha stole med seg noko alkohol, seier Raunholm.


Les også: – Det var heilt grusomt

Les også: Politiet søkjer etter mystisk mann

 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut