annonse

Mann i 30-åra mista livet

TIL HAUKELAND
TIL HAUKELAND: Mannen i 30-åra blei raskt frakta til Bergen med luftambulanse. Mannen døydde seinare av skadane han fekk. (Foto: KJETIL ØSTREM)

Mannen som hamna under ein bil førre måndag, døydde av skadane han fekk.

Marius Knutsen

Førre måndag rykte naudetatane ut til ei ulukke på ei privat adresse på Stord. Naudetatane fekk melding om ulukka då klokka var 17.34, og var raskt på staden. Ein mann i 30-åra blei seinare same ettermiddag frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

– Mannen som var i ulukka døydde av skadane han fekk, seier Stord-lensmann Roald Raunholm.

Politiet oppretta ei undersøkingssak etter ulukka. Den er framleis under etterforsking.

– Dette er ei tragisk ulukke. Mannen jobba med bilen sin, og så fekk han bilen over seg. Me veit enno ikkje årsaka, seier Raunholm til Sunnhordland.

Les også: Politiet har oppretta undersøkingssak

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut