annonse

Mann i 40-åra døydde i ulukke

DØD
DØD: Ein mann i 40-åra døydde i ei ulukke på Finnås måndag kveld. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Jobb med motorsag og rotvelt enda tragisk.

Olav Røli

Det var i 15.30-tida måndag det kom melding om ei ulukke på Finnås. Alle naudetatane vart sende til staden.

– Ein person vart utsett for ei ulukke i samband med jobbing med eit rotvelta tre, opplyser Dan Magne Gaard, vaktsjef Haugesund, i Sørvest politidistrikt, til Sunnhordland.

Ifølgje Gaard skal han ha vorte liggjande under treet. Det vart utført livreddande førstehjelp, men mannen vart erklært død på staden.

Den omkomne er ein mann i 40-åra.

Saka vert etterforska vidare av Stord lensmannskontor. Etterforskingsleiar Trond Atle Sjøvold har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Det var Bømlo-nytt som først melde om saka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut