annonse

Mann i 40-åra sendt til Haukeland

Utrykking
Utrykking: Politi, ambulanse og brannvesen er på veg til Storhaug i Uskedalen. (Foto: Google Maps)

Det skal ikkje vera fare for fleire eksplosjonar.

Vidar Hope

Politi og andre naudetatar rykte ut til Storhaug i Uskedalen i Kvinnherad søndag ettermiddag. Årsaka var melding om eksplosjon i ein næringshall. Ein mann i 40-åra blei skadd som følgje av eksplosjonen. Han er sendt med luftambulanse til Haukeland. Tilstanden er ukjent.

Ifølgje brannvesenet skal det ha vore ein eksplosjon i ei propanflaske. Ingen andre skal vera skadde. 

Saka blir etterforska vidare av Hardanger lensmannsdistrikt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut