annonse

Mann involvert i sambuarvald og promillekøyring

VALD OG RUSKØYRING
VALD OG RUSKØYRING: Arkivfoto.

– Det er ikkje snakk om alvorleg vald, seier Trond Børge Åsbu i Sør-Vest Politidistrikt.

  • Ole Alexander Saue

Like før klokka 21 rykka politiet ut til ein bustad på Stord kor det var krangel mellom eit sambuarpar i 20-åra.

– Det er ikkje snakk om alvorleg vald, men begge partane er avhøyrd, fortel Åsbu til Sunnhordland.

Politiet har oppretta sak, og den mannlege parten – som ikkje hadde fast bupel på adressa – vart bortvist frå staden.

Nokre timar seinare tek dei same mann for promillekøyring på Bømlo.

– Førarkortet hans vart beslaglagt, og han vart bortvist frå staden, skriv politiet i ei twittermelding.

Der tok dei òg naudsynte prøvar, som viste at føraren var ruspåverka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut