annonse

Mann køyrt til legevakt etter å ha køyrt inn i fjellvegg

BILULUKKE
BILULUKKE: Ein bil køyrde ut av vegen ved Vestlivegen på Tyse. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KART
KART: Ulukka skjedde ved Vestlivegen på Tyse, på same stad der det var ein front mot front kollisjon i januar i år. (Foto: MARIUS KNUTSEN/GOOGLE MAPS)
MATERIELLE SKADER
MATERIELLE SKADER: Ein bil køyrde ut av vegen ved Vestlivegen på Tyse. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Henrik Mundal Andreassen

Onsdag kveld klokka 20:14 fekk politiet inn melding om ei bilulukke i Vestlivegen ved Tyse, der ein bilist var involvert.

– Ein bil har hamna utfor vegen, og han som køyrde bilen vert sendt til legevakt for sjekk, seier innsatsleiar Aleksander Mathieson i Stord lensmannskontor då Sunnhordland kjem ut til staden.

Medan politi og naudetar ordna opp, vart også det eine køyrefeltet sperra av tryggleiksmessige omsyn. Etter det Sunnhordland kunne sjå på bilen, var det ikkje snakk om store materielle skader etter samkomet med grøfta og fjellveggen på staden.

– Men kva er det som har skjedd?

– Føraren som køyrde bilen skal ha sett eit dyr i vegen, det kan ha vore ein katt, og så skal han ha teke ein unnamanøver. Bilen fekk skadane då den kom ut av vegen, seier Aleksander Mathieson.

Sør-Vest Politidistrikt melder på Twitter klokka 20:50 at bilføraren hadde litt smerter i ein arm, men at han elles var oppegåande. Ulukka onsdag kveld skjedde på same stad som front mot front kollisjonen i januar.

henrik@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut