annonse

Mann vart valdeleg mot politiet og hamna i arresten

RETT I ARRESTEN
RETT I ARRESTEN: Ein mann i 20-åra vart send i arresten i Haugesund etter å ha vore valdeleg mot ein politimann på Stord. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Natt til laurdag vart to personar vist vekk frå Leirvik sentrum.

Henrik Mundal Andreassen

Først ein amper mann i 30-åra, som politiet køyrde heim klokka halv to.

Deretter ein mann i 20-åra som vart vist vekk i tretida, men som ikkje ville ha noko av det.

– Det enda med vald mot offentleg tenestemann, og mannen vart teken med til arresten i Haugesund. Han skal i avhøyr i dag laurdag, seier vaktsjef Emma Audunsdottir ved Haugesund politistasjon.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut