annonse

Markerer fem år med «Stordmodellen»

Suksess
Suksess: Så langt har over 100 personar kombinert jobb og utdanning i den såkalla «Stordmodellen». Blant desse er Vegard Hatlevik (t.v.) og Kjetil Haraldseid frå Apply Leirvik, som fekk vitnemålet sitt for to år sidan. Fredag vert det miniseminar for å markera at tilbodet har vore i fem år. (Foto: Marius Knutsen)

Fem år etter etableringa av lokal teknisk fagskule i Sunnhordland, har nesten 100 studentar fullført utdanninga.

Magne Kydland

– «Stordmodellen» er unik i norsk samanheng, og er eit utdanningsløp som er i ferd med å bli eit konkurransefortrinn for industrien i Sunnhordland, seier Steinar Røgenes, konserndirektør i Kværner, i ei pressemelding. Fredag samlast lokale verksemder, utdanningsinstitusjonar og representantar frå det offentlege for å hauste erfaringar frå dei første fem åra med teknisk fagskule, og setja fokus på kva Sunnhordlandsregionen gjer for å sikra seg kompetent arbeidskraft for å møta framtida.

Som ein region med ein høg del sysselsette innan petroleum, har Sunnhordland vore hardt ramma av dei siste års nedtur i olje- og gassindustrien. Men industriverksemdene i Sunnhordland har brukt oljenedturen aktivt til å utvikle kompetansen sin, mellom anna gjennom utdanningsløpet kjend som «Stordmodellen».

– Ein sentral del av det å tilpassa seg til ein ny konkurransesituasjon er å investera i utvikling av dei tilsette. Me har i dag produksjons- og samarbeidsmodellar som stiller nye krav til medarbeidarane våre. Samtidig er ein digital «revolusjon» på gang i industrien, og det krev ein annan kompetansesamansetting i industriverksemdene. Investeringane me gjer i kompetanseheving, både gjennom Stordmodellen og andre tiltak, er noko både me og dei andre verksemdene vil nyta godt av når aktiviteten no er i ferd med å ta seg opp att, seier Røgenes i pressemeldinga.

Stordmodellen blei etablert i 2012 etter initiativ frå dei fire Sunnhordlands-verksemdene Kværner, Apply Leirvik, Wärtsilä og Advantec og industrinettverket Atheno. Bakgrunnen var eit ynskje om å få etablert eit skreddarsydd utdanningsopplegg, kor fagarbeidarar i lokale verksemder gjennom tilbod om spesielt tilpassa teknisk utdanning kan vidareutviklast til å bli det industrien omtalar som «praktiske ingeniørar». Utdanninga er i regi av Fagskulen i Hordaland og Høgskulen på Vestlandet. Undervisinga skjer på verksemdene sine premissar, og er finansiert og tilrettelagt slik at studentane kan kombinera jobb og studiar.

I 2012 vart fagskuleutdanning i regi av Fagskulen i Hordaland etablert. Deretter vart det i 2016 etablert bachelorutdanning i regi av Høgskulen på Vestlandet, begge som del av «Stordmodellen». Dei første 20 studentane er i gang med denne utdanninga.

– Etableringa av «Stordmodellen» var ei langsiktig satsing. At industrien i Sunnhordland, saman med næringsaktørar, utdanningsinstitusjonar og det offentlege i fellesskap etablerte dette skreddarsydde utdanningstilbodet er unikt i norsk samanheng og det tekniske utdanningssystemet me no har her i Sunnhordland er, saman med andre tiltak, i ferd med å gjera oss meir konkurransedyktige, seier Røgenes.

Verksemdene som står bak etableringa av Stordmodellen arrangerer fredag eit miniseminar for å setja fokus på kva Sunnhordlandsindustrien gjer for å sikra seg kompetent arbeidskraft.

Her blir innlegg frå representantar frå industrien, ein representant for studentane, statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet, Fagskulen i Hordaland og Høgskulen på Vestlandet. Seminaret finn stad på Stord Hotell.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut