annonse

Måtte stengja restauranten

Fortvilar
Fortvilar: Tony Sorada er fortvila etter politiet fredag kveld stengde thairestauranten i Fengselet, etter pålegg frå Stord kommune. (Foto: )

Tony Sorada er fortvila etter at politiet kom og stengde thai-restauranten fredag kveld.

Magne Kydland

– Politiet kom og stengde restauranten. Eg var ikkje der og kunne snakka med dei. Eg reagerer på framgangsmåten, og meiner eg har løyve til å driva vidare etter konkursen, seier ein fortvila Sorada til Sunnhordland.

Rådmann Magnus Mjør i Stord kommune er av ei anna meining. Mjør seier til Radio Haugaland at dette ikkje stemmer.

Når ei verksemd har gått konkurs, må det søkjast om nytt serveringsløyve, og ny løyveinnehavar. Det har ikkje Sorada gjort, ifølgje rådmannen.

– Dette må eg få ordna opp i over helga. Me tapar fort ein omsetnad på mellom 60 og 80 tusen kroner på stenginga, seier Sorada.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut