annonse

– Me skal gjera Storapride endå større

SKIPA TIL
SKIPA TIL: Storapride vart arrangert for første gong i fjor. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)
STYRET
STYRET: Torsdag var interesseorganisasjonen Storapride stifta, og det nye styret er klar for arbeidet. (Foto: PRIVAT)
Dette er Storapride

Interesseorganisasjonen Storapride er skipa.

Ingvild Siglen Berger

Det skjedde torsdag, og Anna Sofie Ekeland Valvatne, som var med å skipa til Storapride i fjor, vart valt som leiar for interesseorganisasjonen. Ho gler seg til å byrja arbeidet.

– Om me skal ta noko med oss frå i fjor, so er det at det er stor aksept og mykje kjærleik å finna hjå stordabuen. Det kjem me langt med. No vil me syta for at dette blir enno synlegare slik at alle veit at Stord kommune er ein kommune som alle kan føla seg velkommen i, seier Valvatne i ei pressemelding frå Storapride.

Styret elles består av nestleiar Konrad Markvoll, kasseras Signe Ekeland og styremedlemene Arild Tony Lyngstadås, Megan Thomas, Trine Gravdal og Johanne Malene Ekeland Valvatne.

Sjå biletserie: Historiske Storapride

På skipingsmøtet fekk deltakarane høve til å koma med innspel til korleis dei ønskjer at Storapride skal verta i år, og alle var samde om at Storapride skal verta større.

STYRET
STYRET: Torsdag var interesseorganisasjonen Storapride stifta, og det nye styret er klar for arbeidet. Foto: PRIVAT

– Namnet vårt betyr jo to ting, på ein måte. «Stora» som i «stor», og «stora» som i «storda». Me skal gjera Storapride enno større slik at me verkeleg lev opp til namnet vårt og set Stord på pride-kartet, seier Valvatne.

Den nyskipa organisasjonen er open for at både organisasjonar, verksemder og enkelpersonar kan melda seg inn. Styret håpar at alle organisasjonar og verksemder på Stord vel å gjera det.

– Me har allereie fått nokre organisasjonar som vil melda seg inn og sponsa oss økonomisk, men me vil sjølvsagt ha fleire med på laget!

Les også: – Burde ikkje vore behov for Storapride

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut