annonse

– Me vil leggja ned

Gir seg
Gir seg: Egil Iversen dagleg leiar for Biltema Norge, seier at dei kjem til å leggja ned på Stord dersom dei ikkje får ta i bruk nybygget. (Foto: Rolf Magnus W. Sæther)

– Dette betyr at me må leggja ned verksemda vår, seier Egil A. Iversen, dagleg leiar i Biltema Norge.

Hilde Vormedal Nybø

– Me er sjølvsagt svært skuffa. Me har vore på Stord i ti år. Dersom me ikkje får lov å ta i bruk dei nye lokala må me leggja ned verksemda vår på Stord, seier Iversen til Sunnhordland.

Overstyrt

Biltemasjefen peiker på Fylkesmannen i dette tilfelle har overstyrt dei lokale politikarane.

– Lokalt ønskte ein jo denne etableringa, seier Iversen.

Han peiker på at situasjonen er dramatisk for deira drift.

– Leigekontrakten for dagens lokale går ut ved årsskifte, seier Iversen.

Gått ut på dato

– Men er det ikkje mogeleg å forlengja leigekontrakten?

– Det er ikkje aktuelt for oss. Butikken på Stord er ikkje slik som Biltema er lenger, me får berre vist fram ein brøkdel av varene våre, seier Iversen.

Les også: Stord-ordføraren er skuffa og overraska

12–13 tilsette

Egil Iversen fortel at Biltema-butikken på Stord i alt har 12-13 tilsette.

– Eg har vore i kontakt med dei i dag. Det er klart at dette ikkje er noko glad dag for oss, seier Iversen.

Når det gjeld sjølve nybygget på Heiane, så seier Biltema-sjefen at det er Fronta som tek risikoen for utbygginga.

– Me har ein leigekontrakt på ti år. Det er snakk om millionbeløp, seier Iversen.

Les også: Slik reagerer Fronta-sjef Kurt Arne Tyse

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut