annonse

Med verdas største hund i sofakroken

Sofakos
Sofakos: Sjølv om dei irske ulvehundane Clancy (kvit) og Trym er veldig store, får dei lov til å komma opp i sofaen til Hildegunn og Svein-Erik Fluge. (Foto: Marius Knutsen)

No kan du sjå første episode av «Voff».

Vidar Hope

I premieren på Sunnhordland sin nye videoserie får du eit innblikk i korleis det er å leva tett på det som blir rekna som verdas største hunderase.

Hildegunn og Svein-Erik Fluge bur på Koløyholmen i Fitjar. I mange år har dei hatt fleire irske ulvehundar. For nokre år sidan dreiv dei også oppdrett av rasen dei har blitt så glad i., og nett no har dei to.

I den første episoden av «Voff» fortel ekteparet om kvifor dei har blitt så glade i dei store hundane.

Kvar torsdag i seks veker framover blir ein ny episode av den nye serien tilgjengeleg her på Sunnhordland.no.

Det er gjengen bak «Garasjen», Kjetil Østrem og Marius Knutsen, som står bak «Voff». Dei to vann prisen for årets digitalsatsing for arbeidet med «Garasjen» under Landslaget for lokalaviser si kåring tidlegare i år. «Garasjen» er også éin av fire nominerte i kategorien årets web-tv-serie i Mediebedriftenes landsforening (MBL). Der skal Sunnhordland mellom anna kjema mot NRK sin «Skam».

Sjå den første episoden av «Voff» i toppen av saka, eller klikk deg inn på denne lenka

Klikk for å sjå kommentarar ()