annonse

Meir pengar til kommunane

Statsbudsjettet
Statsbudsjettet: Stortingsrepresentant i finanskomiteen, Helge André Njåstad. (Foto: Per Egil Larsen / arkiv)

Helge André Njåstad (Frp) meiner kommunane som har eigedomsskatt no bør byrja å trappa ned på denne skatten.

Anita Haugland

Torsdag klokka 10.00 la Høgre/Frp-regjeringa fram sitt første statsbudsjett for det nye Stortinget. I ei pressemelding frå stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) i Finansdepartementet, står det at dei frie inntektene i kommunesektoren aukar med 2,6 prosent frå 2017 til 2018 på landsbasis. For for kommunane i Hordaland vil veksten vera 2,7 prosent. I Hordaland har 10 av 33 kommunar ein vekst som er høgare enn eller lik veksten på landsbasis, heiter det vidare i pressemeldinga. Veksten er ikkje like stor blant sunnhordlandskommunane. På Bømlo blir det anslått at veksten i frie inntekter vil auka med 1,5 prosent, på Stord 2,3 prosent, i Fitjar 1,7 prosent, på Tysnes 1,9 prosent og i Kvinnherad 2,5 prosent.

– Me held fram å gjera som me har gjort i fire år, nemleg å styrkja kommuneøkonomien år for år, uttaler Njåstad.

Han meiner kommunane som har eigedomsskatt no bør byrja å trappe ned den.

– Her gjer me også eit grep med å redusera kommunane sin mogelegheit til å auka denne skatten frå 2 til 1 promille årleg. Det er starten på FrP sitt mål om å redusera eller fjerna eigedomsskatten på hus og hytter, seier Njåstad.

Ikkje nøgd

Leiar Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet meiner at Høgre/Frp-regjeringa ikkje tek tak i dei store oppgåvene, i forslaget til det nye statsbudsjettet.

– Høgre og Frp-regjeringa viser liten vilje til å satsa på arbeid og velferd. Dette er ikkje eit statsbudsjett som tek tak i dei store oppgåvene, uttaler Ap-leiaren i ei pressemelding.

Støre peiker på at Norge har ei stor oppgåve i å få fleire ut i arbeid, klimautsleppa ned, betra omsorg for dei eldre og å få fleire elevar til å lukkast i skulen.

– Det er altfor svak satsing på tidleg innsats og fleire lærarar i skulen. Det er ingen løft for betre kvalitet i eldreomsorga, og regjeringa står framleis på at dei ikkje vil gje tilskot til å rehabilitera sjukeheimar. Me ser heller ingen tydelege grep for å nå 2030-måla i klimapolitikken, seier Støre.

– Lite pengar til velferd

Arbeidarpartiet sin finanspolitiske talsperson, Trond Giske, er glad for at det no går betre i norsk økonomi. Han peiker derimot på at regjeringa har brukt opp mykje av handlingsrommet gjennom høg oljepengebruk og dyre skattekutt dei siste fire åra.

– Regjeringa har nær dobla oljepengebruken, men diverre har Høgre og Frp ikkje brukt pengane på det som er viktigast for framtida. Me har etterlyst lågare oljepengebruk i fire år, og no har endeleg regjeringa lytta. Det er bra, seier Giske.

Arbeidarpartiet har gjentekne gonger utfordra Erna Solberg og Siv Jensen på kva dei vil prioritera vekk for å betala for dei store skattekutta dei har gjeve til dei rikaste dei siste fire åra. I dag meiner dei å ha fått svaret.

– Det er lite pengar til velferd i kommunane og det er ingen reell styrking av sjukehusøkonomien. Arbeidarpartiet vil ha fleire i arbeid og færre på trygd. Då treng me ein langt større innsats enn det budsjettet legg opp til, seier Giske.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut