annonse

Meldt for ordensforstyrring og skadeverk

Køyrd heim
Køyrd heim: Ein full mann blei natt til søndag køyrd heim av politiet. (Foto: Illustrasjonsfoto frå arkivet)

Ein mann i 20-åra blei sett i arresten.

Anita Haugland

Natt til søndag klokka 02.13 blei ein mann i 20-åra sett i varetekt. Det opplyser operasjonsleiar Norunn Byrknes i Sør-Vest politidistrikt.

Han er meldt for ordensforstyrring, skadeverk og bruk av narkotika.

- Ordensforstyrringa skjedde på Bømlo.  Vedkommande blei sendt til sjekk hos legevakta på Stord, før han blei sendt i arresten. Her gjorde han skadeverk på ei dør, opplyser operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik i Sør-Vest politidistrikt.

Mannen skal avhøyrast i dag, søndag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut