annonse

Milliardkontrakt for Wärtsilä

GIGANTKONTRAKT
GIGANTKONTRAKT: Kontrakten som Wärtsilä har sikra har ein verdi på over 1,1 milliarder kroner. (Foto: Wärtsilä Norway / illustrasjon)

Banebrytande ny teknologi har gjort at Wärtsilä på Stord har sikra sin største kontrakt nokosinne. Wärtsilä og Teekay skal levera ein heilt ny type skytteltankar.

Hilde Vormedal Nybø

– Teekay har i nært samarbeid med Wärtsilä utvikla eit nytt konsept for skytteltankarar. Konseptet tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege og økonomiske løysningar for denne type skip, tufta på ny og innovativ bruk av teknologi, skriv Wärtsilä i ei pressemelding.

1,1 milliardar

Teekay, verdas største leverandør av skytteltankartenester, har kontrahert fire fartøy av denne nye generasjonen bøyelastarar. Skipa skal byggjast av Samsung Heavy Industries (SHI) i Sør-Korea. Dei vil innehalde eit bredt spekter av Wärtsilä sine siste teknologiske innovasjonar, som alle er heilt sentrale for konseptet sine samla forbetringar.

Kontraktane med Wärtsilä, til ein samla verdi på over 110 millionar euro, som tilsvarer 1,1 milliardar kroner, blei inngått i desember 2017 og januar 2018.

VOC som drivstoff

Det nye konseptet har ei rekke miljømessige og økonomiske fordelar, og er forventa å redusera årlege utslepp av CO₂-ekvivalentar med meir enn 40 prosent samanlikna med konvensjonelle bøyelastarar, heiter det i pressemeldinga.

I tillegg til å nytta flytande naturgass (LNG) som hovuddrivstoff, vil dual fuel-motorane også kunne køyra på ei blanding av LNG og gjenvunne flyktige organiske forbindingar (VOC) – gassen som fordampar frå oljetankane under lasting. Ved å utnytta gjenvunnen VOC som drivstoff i staden for å sleppa gassen ut i atmosfæren, vil dei skadelege utsleppa bli eliminert og skipet si trong for bunkring vil bli monaleg redusert. Konseptet tyder også at utsleppa av nitrogenoksider (NOx) frå motorane sin eksos vil bli redusert med meir enn 80 prosent, at svoveloksidutsleppa (SOx) nesten blir eliminert, og at partikkelutsleppa vil bli redusert med meir enn 95 prosent. Desse miljøfordelane blir tett følgt av like viktige økonomiske fordelar, blant anna i form av ein stor reduksjon i drivstofforbruk samanlikna med konvensjonelle løysingar.

Ny teknologi

– Saman med Teekay har me utvikla eot konsept som tek skytteltankaren inn i ei ny tid. Konseptet er nok ei stadfesting på at Wärtsilä har emna til å gjera shippingnæringa grønare og meir lønsam gjennom å utvikla og ta i bruk ny teknologi. Desse skipa vil ha enorm operativ fleksibilitet, og oppnå det alle operatørar i dag ønskjer, nemleg optimale miljømessige og økonomiske ytingar, seier Roger Holm, President, Wärtsilä Marine Solutions.

– Dette nye skytteltankerdesignet vil setta ny standard både for CO₂-utslepp og drivstoff-forbruk, supplerer Terje Rusdal, prosjektleiar i Teekay.

Hybrid framdrift

Wärtsilä si hybridøysing er sjølve hjarta i konseptet, og systemet vil gje lågare bruk av drivstoff, ei betre handtering av effekttoppar under operasjon, og tilføra ekstra systemredundans. Som igjen vil påverka hovudmaskineriet direkte, og resultera i reduserte arbeidstimar for motorane – med tilhøyrande lågare vedlikehaldstid og -kostnadar.

Wärtsilä sin leveranse omfattar:

– Komplett elektro- og automasjonssystem – inkludert Wärtsilä sitt Low Loss Hybrid-system (LLH) og batteri

– Wärtsilä LNGPac-system for drivstofflagring og -forsyning

– Wärtsilä VOC-system for gjenvinning og kondensering av VOC – med tilhøyrande lagring- og forsyningssystem

– Wärtsilä 34DF dual fuel gassmotorar

– blandesystem for drivstoff – med flytande VOC og LNG som hovuddrivstoff for motorane

– gassturbinar for handtering av overskuddsgass

– Wärtsilä-pumper for last og ballast

– Wärtsilä inertgassgenerator

Enirams Vessel Performance Management-system er også inkludert i Wärtsilä si integrerte løysing for skytteltankarkonseptet. Eniram, som er eit Wärtsilä-selskap, vil levera ein datainnsamlingsplattform som vil gjera det mogeleg å optimalisera fartøyet sine operasjonar, samstundes som eigarane får analysar og rapportar.

Skytteltankarar blir nytta til å transportera olje frå produksjonsfeltet offshore til landbaserte terminalar. Skipa sine ulike operasjonsmodus gir utfordringar med å behalda effektiviteten. Det nye konseptet har blitt utvikla for å overvinna slike utfordringar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut