annonse

Milliardkontrakt sikrar storinvestering på Stord

KLARSIGNAL
KLARSIGNAL: Om kort tid går Kværner i gang med å utvida kaianlegget sitt. Berre formell styregodkjenning står att før arbeidet kan starta. Slik vil det sjå ut med Johan Castberg i hamn. (Foto: Kværner / illustrasjon)

Johan Castberg-kontrakten opnar opp for utbygging på Kværner Stord.

Olav Røli

I ei eigen pressemelding tysdag morgon, etter at milliardkontrakten for Johan Castberg vart kjent, kjem det fram at Kværner skal investera 370 millionar i utbygging på Stord.

Det skal byggjast nytt kaianlegg, som mellom anna skal auka kai-kapasiteten med 266 meter, og 17.000 kvadratmeter nytt produksjonsareal ved anlegget. Dette skal sikra framtidig konkurransekraft, og gjera at Kværner skal kunne vera med og konkurrera om liknande type oppdrag i framtida, heiter det i pressemeldinga.

Les også: Her ligg Johan Castberg-feltet (+)

«Vanndybden ved den nye kaien blir 16 meter, noe som vil muliggjøre kai-ligge for de fleste typer flytende offshoreinstallasjoner. I tillegg forlenges kranbanen med rundt 100 meter, som vil medføre at installasjoner som ligger ved den nye «Vestkaien» vil få økt krandekning av den store 1 050 tonns traverskranen «Storen». Investeringen i «Storen» i 2012 har nærmest revolusjonert måten vi sammenstiller plattformer, forbedret sikkerheten, økt kvalitet og bedre produktivitet. Det er blitt en veldig god investering for Kværner og våre kunder. Med ny kai blir krandekningen enda bedre, noe som vil gi oss ytterligere utnyttelse av kran-investeringen fra 2012», sier konserndirektør for EPCI Steinar Røgenes i ei pressmelding.

Saka har tidlegare vore oppe i Forvaltningsstyret, og dei har gjeve klarsignal for Kværner sine planar. No er det opp til styret i Kværner ASA å gje endeleg klarsignal. Oppstarten er sett til umiddelbart etter godkjenninga frå styret, og det skal stå ferdig første halvdel 2020.

Les også: Kværner fekk Johan Castberg-jobben

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut