annonse

Millionar til oppgradering av vêrradaren på Goddo

Oppgradering
Oppgradering: Vêrradaren på Goddo skal ha midtlivsoppgradering. Det er føreslege å løyva 12,9 millionar kroner til prosjektet. (Foto: Arkiv)

Regjeringa føreslår å løyva 12,9 millionar kroner til omfattande oppgradering.

Vidar Hope

– Ein vêrradar er utsett for stor slitasje, og kvaliteten på observasjonane går ned med alderen. Forventa levetid for ein verradar er om lag 15 år, før han treng ei såkalla midtlivsoppgradering. Vêrradaren på Bømlo vart sett opp i 2002, og er no 17 år gamal, skriv Ragnfrid Sønstabø, Bømlo Høgre sin ordførarkandidat, i ei pressemelding.

– Vêrradaren på Bømlo overvaka nedbøren som kjem inn frå havet i vest mot kysten og Bergen og er svært viktig for vêrvarslinga i dette området. Ei framleis sikker og godt vêrradardekning har stor betydning for varslinga av ekstremvêr og flaum i området, skriv Sønstabø.

Radaren på Bømlo bidreg også til betre varsling av flyvêret på Flesland, og dermed til auka flytryggleik.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut