annonse

Millionløyving til geoparken

Stor dag
Stor dag: For to veker sidan blei det kjent at Geopark Sunnhordland har fått norsk status. Øystein Skaala (f.v.) frå Rosendalsstiftinga, bygningsvernkonsulent og formidlar Bjørn Arve Lunde ved Sunnhordland Museum, dagleg leiar Linda Øen ved Sunnhordland Museum, Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland, dagleg leiar Nina Meldahl Olsen ved Moster Amfi, prosjektleiar Brynjar Stautland i Geopark Sunnhordland og dagleg leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Gro Jensen Gjerde. (Foto: KJETIL ØSTREM)
Nøgde
Nøgde: Millionstøtte frå fylkeskommunen gjer at arbeidet med Geopark Sunnhordland går etter planen. Dagleg leiar Nina Meldahl Olsen (f.v.), Moster Amfi, dagleg leiar Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet, dagleg leiar Linda Øen, Sunnhordland Museum og styreleiar Svein Arne Theodorsen, Moster Amfi. (Foto: Samarbeidsrådet for Sunnhordland)

Hordaland fylkeskommune har løyvd éin million kroner over to år til utvikling av Geopark Sunnhordland.

Magne Kydland

– Sjølv om bakgrunnen for Geopark Sunnhordland er geologi, handlar geopark først og fremst om menneske og kva me har utnytta geologien til for å koma til der me er i dag. Midlane frå Hordaland fylkeskommune skal blant anna nyttast til å skapa innhald, formidling og kompetanseutvikling knytt til geologi, landskap og historia om Sunnhordland, skriv Samarbeidsrådet for Sunnhordland i ei pressemelding.

Arbeidet skal gjerast i eit samarbeid mellom blant anna Moster Amfi, Sunnhordland museum Rosendalstiftinga og Samarbeidsrådet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut