annonse

Mista lappen etter råkøyring i 60-sone

KONTROLL
KONTROLL: Utrykkingspolitiet stoppar ofte raske bilistar på E39. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Teken av politiet onsdag kveld.

Henrik Mundal Andreassen

To bilførarar måtte forlata førarsetet i bilen sin ved Jektavik onsdag kveld, etter å ha køyrt alt for fort forbi 60-sona ved ferjekaien.

– Ei kvinne i 50 åra frå Bergen vart stoppa av utrykkingspolitiet etter å ha køyrt for fort, seier Irene Ragnhildstveit.

Kvinna mista lappen etter ei snittmåling på 87 kilometer i timen. Ein mann i 20-åra frå Bergen vart også stoppa, og måtte ta buss heim att til Bergen.

Han hadde køyrt i 77 kilometer i timen forbi staden, i tillegg til at han ikkje hadde gyldig førarkort med seg.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut