annonse

Mistenkt for køyring med falskt førarkort

Risikerer bot
Risikerer bot: Ein mann i 30-åra er mistenkt for å køyra rundt med falskt førarkort. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN (illustrasjon))

Ein mann i 30-åra er meldt for dokumentfalsk.

Anita Haugland

Torsdag ettermiddag melder Sørvest politidistrikt på Twitter at ein mann i slutten av 30-åra er meldt for køyring med falsk førarkort (dokumentfalsk) på Stord. Han er også meldt for køyring utan gyldig førarkort.

– Det er ikkje ofte det skjer at folk køyrer rundt med falskt førarkort?

– Ikkje så ofte nei, men det skjer frå tid til annan, seier operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik i Sørvest politidistrikt.

Han seier vidare at det blir opp til juristen å avgjera om mannen får bot, og eventuelt omfanget av den.

Les også: Mann i 70-åra velta på moped

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.