annonse

Mopedist køyrde av vegen

UHELDIG MOPEDIST
UHELDIG MOPEDIST: Ein mopedsjåfør vart køyrt til sjukehuset søndag etter eit uhell ved Bjellandsvegen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Vart henta av ambulanse og køyrt til Stord sjukehus.

Henrik Mundal Andreassen

Søndag kveld vart ein mopedist køyrt til sjukehus etter å ha hatt eit uhell ved Bjellandsvegen.

– Mopedisten vart teken med av ambulanse og køyrt til sjukehus, melder Politiet i Sør Vest på Twitter.

Måndag morgon melder Emma Audunsdottir ved politistasjonen i Haugesund at mopedisten etter det politiet veit ikkje skal vera alvorleg skadd. Det er ikkje noko mistanke om promillekøyring, og ingen andre skal ha vore involvert i ulukka.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut