annonse

Namnet på den omkomne frigjeve

KØYRDE UTANFOR
KØYRDE UTANFOR: Slik såg det ut på åstaden då Sunnhordland kom til staden torsdag kveld. (Foto: Ole Alexander Saue)
UNDERSØKJER
UNDERSØKJER: Krimteknikarar og ulukkesgruppa arbeida på staden torsdag kveld. (Foto: Ole Alexander Saue)
RUBBESTADNESET
RUBBESTADNESET: Det var her kvinna køyrde av vegen, like før Kiwi på Rubbestadneset. (Foto: Ole Alexander Saue)

Ei kvinne frå Bømlo mista livet i utforkøyring torsdag ettermiddag.

  • Ole Alexander Saue

Det var 54 år gamle Mari Nelly Haugland Wilhelmsen, med bustadadresse på Rubbestadneset, som omkom i ulukka ved Rubbestadneset på Bømlo torsdag ettermiddag. På høyre side i ein venstresving har ho køyrd av vegen, gjennom eit støygjerde og hamna i skråninga nærare 50 meter frå gjerdet. Ingen andre bilar eller personar var involvert.

Klokka 17.46 torsdag ettermiddag var det meldt om ulukke på fylkesveg 541, om lag 200 meter før rundkøyringa ved Kiwi Rubbestadneset på Bømlo. Brannvesen og ambulanse var først på staden, men returnerte kjapt då livet ikkje var til å redda.

Etterforsking

I timane etter ulukka arbeida politiet sitt kriminalteknisk personell og ulukkesgruppa til Statens vegvesen på staden for å sikra spor etter hendinga. Fleire personar var vitne til den dramatiske hendinga.

– Det føregår framleis ei etterforsking for å kartleggja kva som har skjedd, på både teknisk og taktisk nivå, seier etterforskningsleiar Nils Blikra til Sunnhordland.

Avhøyr

– Både kriminalteknikarar og ulukkesgruppa har vore ved åstaden, og det er gjennomført nokre avhøyr, medan det vil bli gjort fleire avhøyr neste veke, seier Blikra.

Resultatet av avhøyra, i tillegg til rapportane til krimteknikarane og ulukkesgruppa, vil vonleg gje svar på kva som har hendt.

– Ein må få sjekka ut alle variablar for å finna ut kva som kan ha skjedd. Det har ikkje komme klart fram enno. Det var vitne til deler av ulukka, så no står att det å få samla alle trådane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut