annonse

No blir det endå meir kaos

Delvis stengt
Delvis stengt: I to veker vil hovudvegen gjennom sentrum vera stengt og delvis stengt, grunna arbeid med vatn- og avløpsanlegg. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

I veke 45 og 46 blir det nytt køyremønster gjennom Leirvik sentrum.

Kjetil Østrem

I veke 45 blir det eitt køyrefelt i sørgåande retning ved Vikabrekko, i retning Vabakkjen. For nordgåande trafikk blir det omkøyring via Hamnegata, sentrum og opp Osen.

I veke 46 blir sørgåande trasé, via Vikabrekko gjennom Leirvik, heilt stengt, og trafikken vil dermed gå via E39. Nordgåande trafikk vil framleis gå via Osen.

Vatn- og avløp

Årsaka til det nye køyremønsteret er Fronta si bygging av husværa i Meierikvartalet.

– I veke 45 og 46 skal me kopla oss på det eksisterande nettet for vatn og avløp. For å få det til så må me kryssa vegen med ei grøft, opplyser dagleg leiar Torodd Olsen i Fronta Maskin.

Olsen fortel at utrykkingskøyretøy og bussar framleis kjem seg sørover gjennom Leirvik sentrum, også i den veka denne denne traseen blir heilt stengt stengt.

– Me vil laga til eit ekstra køyrefelt i Osen, slik at det blir passasje for to køyretøy i breidda, fortel han.

Godkjent

Fronta fekk godkjent trafikkomlegginga hos Statens vegvesen seint i sist veke. Han garanterer også at anleggsarbeidet ikkje vil ta lenger tid enn planlagt.

– Me har ikkje godkjenning lenger enn til laurdagen i veke 46. Då må arbeidet vera gjort, uansett.

– Det blei kaos, i alle fall i lokal målestokk, og mange sinte folk, då trafikken stoppa opp i Sævegen i sommar. Kva tankar gjer du deg om dette?

– Arbeidet som skal gjerast er omfattande, men eg føler me har prøvd å minimera problemet så godt som mogeleg, så får me håpa at folk tilpassar seg, og viser hensyn, seier Olsen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut