annonse

No får alle gratis skuleskyss

NY SKULESKYSSORDNING
NY SKULESKYSSORDNING: Mykje tyder på at det blir betre for elevar å ta buss til vidaregåande skular i fylket. Arkiv (Foto: PER EGIL LARSEN)
NØGD
NØGD: Geir Angeltveit (V). Arkivfoto (Foto: )

– Rett skal vera rett, seier Geir Angeltveit (V).

Marius Knutsen

Under eit møte i Utval for miljø og samferdsle i Hordaland fylkeskommune tysdag, var det oppe ei endeleg avklaring om saka knytt til skuleskyss for vidaregåande elevar i fylket.

– Etter opplæringslova har elevar på vidaregåande skule som bur lengre enn seks kilometer frå skulen i utgangspunktet rett til gratis skuleskyss, skriv Geir Angeltveit (V).

Likevel søkjer Hordaland fylkeskommune kvart år om dispensasjon for elevar som bur i område der det allereie er eit bra kollektivtilbod.

– Desse har ikkje rett pågratis skuleskyss, men kan kjøpa eit ungdomskort som kostar 365 kroner i månaden. Det kan ein bruka på buss, båt, ferje og tog i fylket, skriv Angeltveit.

Hausten i fjor utvida fylkeskommunen dispensasjonen til å gjelda fleire elevar.

– Då tok eg opp saka lokalt på Stord, og seinare i utval for miljø og samferdsle. Det fekk ballen til å rulla, skriv Angeltveit.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet har ikkje fylkeskommunen følgt retningslinjene for dispensasjonen, og må no gjera full retrett.

Desse punkta i skuleskyss-dispensasjonen har ikkje Hordaland fylkeskommune følgt:

  • Bustader med tilgjengeleg rutetilbod innan 1 km gangavstand til haldeplass.
  • Rutetilbod til tidlegast klokka 21.00 alle dagar i veka.
  • Minimum 4 avgangar på ei linje per dag.
  • Avgangar frå sentrumsområde til distrikt.
  • Berre direkteavgangar.
  • Berre linjer med daglege avgangar.
  • Endringar i rutetilbodet feriar/høgtider er ikkje teke høgde for.
  • Kommersielle rutetilbod er ikkje inkludert i rutetilbodet. Dette gjeld til dømes Kystbussen og andre ekspressruter.

Avgjerda får no støtte frå Fylkesmannen og Forsknings- og utdanningsdepartementet. Saka skal vidare til fylkesutvalet 31. mai.

– Rett skal vera rett. Elevane som har rett på gratis skuleskyss, skal få gratis skuleskyss, skriv Angeltveit.

NØGD
NØGD: Geir Angeltveit (V). Arkivfoto Foto:
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut