annonse

No slepp dei skatt

FRITAK
FRITAK: Studentbustadane til Samskipnaden på Stord får fritak frå eigedomsskatten. Det vedtok formannskapet onsdag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)
GLADE
GLADE: Regionsdirektør Heidi Aarøe Moe i Samskipnaden på Vestlandet, og Tom Lund-Andersen i arbeidsutvalet til Studenttinget, var til stades på formannskapsmøtet. Dei er glade for at politikarane vedtok fritak. (Foto: OLAV RØLI)

Formannskapet i Stord kommune gav full støtte til Studentsamskipnaden. Slepp å betala eigedomsskatt.

Olav Røli

– Dette er me veldig glad for. Og det betyr at me framleis kan halda fram med å tilby nokre av dei billigaste studentleilegheitene i Norge, seier Heidi Aarøe Moe, regionsdirektør i Studentsamskipnaden på Vestlandet.

Dyrare bustadar

Ho var til stades i onsdagens møte i formannskapet på Stord, der politikarane samrøystes gjekk i mot innstillinga frå rådmannen om nei til fritak for eigedomsskatt for Samskipnaden. Politikarane vedtok tvert i mot å gje fritak for eigedomsskatten til samskipnaden. Elles hadde dei måtte betalt om lag 172.000 kroner i året til kommunen.

– No slepp me å overføra dei ekstra kostnadane over til studentane, seier Aarøe Moe.

Studerer du på Høgskulen på Vestlandet, og bur i studenthyblane på Rommetveit, kan du leiga for om lag 3.000 kroner i månaden. Dette inkluderer straum, internett og TV. Og ifølgje regionsdirektøren er dette mellom dei billigaste i Norge.

– Me studentar har det ikkje akkurat veldig romsleg økonomisk frå før, og difor er me glade for vedtaket i formannskapet, seier Tom Lund-Andersen, som er i arbeidsutvalet til Studenttinget på Vestlandet.

Han var også til stades på formannskapsmøtet.

Bakgrunn: Kranglar om skatt på studentbustader

Studiekommune

Aarøe Moe fortel til Sunnhordland at dei har hyra advokatar i samband med denne saka, og at dei har lagt fram utgreiinga til kommunen. Alle politikarane har også fått rapporten frå advokatane i Deloitte. Hovudpoenget har mellom anna vore at Stord ville vera den einaste vertskommunen til Høgskulen på Vestlandet sine campusar som kravde eigedomsskatt frå samskipnaden.

GLADE
GLADE: Regionsdirektør Heidi Aarøe Moe i Samskipnaden på Vestlandet, og Tom Lund-Andersen i arbeidsutvalet til Studenttinget, var til stades på formannskapsmøtet. Dei er glade for at politikarane vedtok fritak. Foto: OLAV RØLI

– Me synest det er unaturleg at Stord, som den einaste kommunen, skal ha denne skatten frå samskipnaden. Og om det visar seg at det vert dyrare å studera her, så vil det gjera Stord til ein mindre attraktiv studiestad, sa Torbjørn Brosvik (KrF) i debatten.

Presedens

Han og KrF fremja forslag om å gje dei fritak, noko resten av formannskapet var einige i.

– Eg synest det skal sitja langt inne med fritak, og me må vakta oss for å ikkje skapa presedens. Men Stord kan ikkje vera den einaste kommunen med ein slik eigedomsskatt, og difor vil me gje dei fritak, sa Jakob Bjelland (Sp) i debatten.

Også Sverre Olav Svarstad (H) røysta for fritak. Han la vekt på det som kom fram i rapporten frå Deloitte om skilnad frå andre kommunar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut