annonse

Norled fekk veteran-vikar

: Den freda og for lengst pensjonerte ferja MF «Skånevik» har fått oppdrag på heimlege trakter.
Arkivfoto

Sjekk kven som måtte trå til i ferje-floka i Norled!

Hilde Vormedal Nybø

Den 49 år gamle freda veteranferja M/F «Skånevik» blei løysinga for Norled i ferjetrøbbelet. Søndag stod reiarlaget med berre ei ferje i sambandet mellom Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes.
 
 
 
Den mellombels løysinga blei å leiga inn MF «Skånevik» leigd på kortidsleige i sambandet mellom Fjelberg-Sydnes-Utbjoa og flytta MF «Sveio»» til Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes, skriv bt.no.
 
 
 
Les også: Snart er «Spirit» vekke frå hamna
 
 
 

 
MF «Skånevik» blei pensjonert i 2004, men tar tidvis vikaroppdrag. Inntil for ti dagar sida gjekk ferja i rute mellom Kaupanger og Frønningen.
 
 
 
– Eg kan skrive under på at «Skånevik» er i betre stand i dag enn for 12 år sidan. Me har gjort det beste me kan gjera med den og har fått ein nydeleg båt, seier Øyvind Særsten, styreleiar i Ferjelaget Skånevik, seier til BT.
 
 
 
Dei som ynskjer seg ein nostalgisk ferjetur må vera raske. Norled reknar med at veteranferja berre skal bli brukt i dag, moglens starten av dagen i morgon.
 
 
 
Les også: Måtte klara seg med to ferjer
 
 
 
 

 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut