annonse

Norled fortøyer båtane

Til kai
Til kai: Slik såg det ut på Leirvik tidlegare i dag. No har Norled valt å ikkje gå mellom Leirvik og Bergen i morgontimane fredag. (Foto: Magne Kydland)

Reiarlaget har valt å ikkje leggja frå kai fredag morgon.

Vidar Hope

Sunnhordalandsruta mot Bergen vert innstilt fredag morgon, melder Norled på sine nettsider.

Det gjeld avgangen frå Leirvik klokka 06.06 og 10.10 mot Bergen, med retur 08.10 og 12.15. Innstillinga skjer som følgje av stormen som er venta å slå til for fullt natt til fredag.

Les også: Fleire ferjeavgangar i regionen er kansellert

Vegtrafikksentralen melder at sambandet Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes i Kvinnherad er innstilt fram til utpå dagen fredag. Det skjer som følgja av at ei ferje tok inn vatn torsdag morgon.

Varaldsøy kai er stengt fram til ferja kan flyttast. Skyssbåt blir sett inn viss vêret tillet det. Norled skal komma med ny informasjon på fredag.

Les også: Meteorologisk institutt varslar ekstremvêr

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut