annonse

Ny nasjonal klimastreik 30. august

Klimastreik
Klimastreik: Rundt 150 deltok på Leirvik i mars då klima kom på dagsorden lokalt. (Foto: Ingvild Eide)

For å få klima på dagsordenen i lokalvalet i haust, blir det arrangert ein ny nasjonal klimastreik 30. august.

  • NPK-NTB

Det er Spire, KFUK-KFUM, Changemaker, Natur og Ungdom og Skolestreik Norge som arrangerer klimastreiken.

I vår har det vore halde to nasjonale klimastreikar, men manglande handling frå styresmaktene gjer det nødvendig med ein ny streik, ifølgje klimaaktivistane.

– Regjeringa har ikkje tilstrekkelege mål, og langt frå tilstrekkelege tiltak, seier Tina Razimafimby Våje, som er initiativtakar til skulestreik i Norge.

Stortinget avviste torsdag kravet frå klimastreikarane om å stansa oljeleiting, stramma til det norske klimamålet, trappa opp klimabistanden og erklære at me er i ei klimakrise. Berre SV, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt støtta krava.

Les også: 11-åringar med appell om klima, fred og solidaritet

Leiar i Changemaker Embla Regine Mathisen er klar på at streikerørsla vil halda fram til ho får gjennomslag:

– Me streikar fordi Noreg framleis ikkje har tatt innover seg det enorme ansvaret me har for klimakrisa, seier ho i ei pressemelding.

I mars streika om lag 40.000 skuleelevar framfor Stortinget i Oslo for ein annan kurs i klimapolitikken. Etter streiken sette regjeringa i gang «klimatoppmøte» mellom ei rekke statsrådar og klimaaktivistar.

Rundt 150 deltok i klimastreiken på Stord i mars. Om lag 50 skuleelevar møtte opp på klimastreiken på Fitjar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut