annonse

Nyferja gjekk på grunn

Slep
Slep: "Huftarøy" er klar for slep på verkstad, etter at ho var borti botn tysdag kveld. (Foto: Marius Knutsen)

M/F «Huftarøy» var borti botn ved Sandvikvåg tysdag kveld.

Olav Røli

Ferja gjekk frå Halhjem 23.05 og skulle leggja til kai i Sandvikvåg cirka 40 minutt seinare. Då skjedde uhellet.

– Me hadde eit uhell med grunnberøring, som skal ha øydelagt ein thruster, seier Fredrik Moe, driftsleiar i Torghatten Nord til Sunnhordland.

Ferja skal likevel ha komme seg til kai for eigen maskin, slik at både bilar og passasjerar kom seg av. Men ferja vert no liggjande i Sandvikvåg inntil dei får slept ho vidare.

Moe vil ikkje spekulera i årsaka til at ferja var borti botn, men seier Sjøfartsdirektoratet er varsla om hendinga.

– Eg vil tru at passasjerane merka kva som skjedde, seier Moe.

Reiarlaget har hatt ei rekkje problem sidan dei overtok sambandet frå 1. januar, og på spørsmål om kva han tenkjer om dette, svarar Moe følgjande:

– Det er kjempetrasig, rett og slett, seier driftsleiaren.

Passasjer: – Høyrde berre eit brak

«Huftarøy» vert no slept til ein verkstad der det er ledig kapasitet. Der må ho i dokk slik at thrusteren kan verta skifta.

– Eg håpar det ikkje tek så altfor lang tid. Me har allereie ny thruster på veg frå Tyskland, svarar Moe.

Sambandet Halhjem-Sandvikvåg går uansett som normalt, med fire andre ferjer.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut