annonse

«Oh, so the windmills was built here ...?»

VINDMØLLER
VINDMØLLER: For eitt år sidan var det stor aktivitet i Bømlafjorden og på Eldøyane med vindmøllemontering. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

+

  • Steinar Hystad

Båtisen smakar framifrå godt i solveggen utfor Huglabutikken. Ved gjestekaien ligg ein bra stor seglebåt med det skotske flagget blafrande i masta akter. Kapteinen har gjort det same som oss, har kjøpt seg ein is og sett seg på benken for å nyta.

– Fin plass dette. Rein idyll, og så er det så kjekke folk her. Blei nett invitert på krabbefest og jazzkonsert i morgon kveld. Den skal me bli med på, eg og kona, seier skotten.

Praten går og på spørsmålet om havkryssinga, fortel han at det tok 36 timar frå Lerwick på Shetland til dei tok land i Norge. Heimturen skulle gå frå Tananger til Peterhead, men før så langt blei det turing i fjordar og rundt øyar i kystperleriket Sunnhordland. Leirvik, Moster og Rosendal var på programmet.

Med Peterhead nemnt, vart eigen mobiltelefon løfta or brystlomma og på skjermen skrolla me fram årsgamle bilete frå Bømlafjorden. Seglaren frå Skottland lytta til tilhøyrande informasjon om pionerarbeidet som her var utført av Equinor (Statoil den tid), med montasje av fem kjempehøge flytande vindmøller til Hywind-prosjektet. Møllene vart slepte over Nordsjøen og ankra opp i havet utfor Peterhead. Verdas første i sitt slag.

– Så det var i fjorden her møllene vart monterte? Dette blir gode opplysningar å ta med seg heimover til svigerson min, han jobba om bord i båten som la ut ankerfesta for dei flytande kraftprodusentane, svarte seglaren.

Konklusjon etter eit tilfeldig sommartreff på Huglo:

– Jo, me hadde noko felles å prata om over landegrensene den gongen også.


Les også: Besøkte norsk katedral i Skottland



 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut