annonse

Olav Akselsen er blitt alvorleg sjuk

Alvorleg sjuk
Alvorleg sjuk: Olav Akselsen. (Foto: Sjøfartsdirektoratet / arkiv)

Samfunnstoppen frå Stord har fått påvist kreft.

Vidar Hope

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen (53) har fått påvist kreft (hjernesvulst) og skal gjennom ein krevjande behandlingsperiode. Lars Alvestad vil fungera som Sjøfartsdirektør inntil vidare.

Det skriv Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding,

– Dette var ein tøff beskjed å få, først og fremst for Olav og familien, men også for oss kollegaer. Me veit han har gode folk rundt seg og me ser frem til å ha han tilbake i Sjøfartsdirektoratet etter kvart, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus.

Den vidare sjukemeldinga medfører naturleg nok at planlagte oppdrag for Akselsen utover vinteren og våren vil måtte utgå, skriv Aarhus.

Olav Akselsen var innvalt på Stortinget frå Hordaland Ap mellom 1989 og 2009. Han var olje- og energiminister i den første Stoltenberg-regjeringa.

Akselsen skriv sjølv følgjande på Facebook:

«I håp om å komma rykta i forkjøpet, vil eg gi litt informasjon om helsetilstanden min. For å gjera ein lang historie kort og kanskje litt brutal, har eg no fått påvist svulst på hjernen.

Vondt skal med vondt fordrivast heiter det. Eg startar intensiv behandling med stråling og cellegift med det første. Sjølv er eg positiv, og håpar at moderne medisin og dyktige legar ved Haukeland vil gi meg mange positive opplevingar også i framtida.

Enn så lenge er eg glad for at me har eit helsevesen som tar utgang i folk sine behov, og ikkje personleg økonomi eller kvaliteten på helseforsikringer, som i mange land. Også i år opplev eg at skatten min går til fornuftige ting.»

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut