annonse

Omn gav full alarm

Alarm
Alarm: Feil i ein omn gav full utrykking til næringsbygget i Leirvik sentrum i natt. FOTO/ARKIVPER EGIL LARSEN

Brannvesenet rykte ut til det gamle Postbygget i Leirvik i natt.

Hilde Vormedal Nybø

Politiet melde frå om utrykkinga til bygget i Leirvik sentrum klokka 01.31 i natt.

– Folk som gjekk forbi bygningen kjende røyklukt og høyrde brannalarmen. Det er klokker på utsida også, så dei høyrde det godt, seier Jan Ove Anthun, varabrannsjef på Stord til Sunnhordland.

Han fortel at dei rykkja ut til bygningen. Men at det heile viste seg rakst å vera mindre dramatisk enn frykta.

– Det var varmgang i ein omn like innanfor hovuddøra. Då me tok straumen, så roa det heile seg ned, fortel Anthun. 

Les også: Rykte ut til pipebrann i Fjellgardsvegen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut