annonse

Onsdag kan det bli 20 grader!

Varmt
Varmt: I morgon kan novemberrekorden i Bergen bli slått. Om alt klaffar. (Foto: Meteorologisk institutt)

Om alt klaffar i høgda, får me ein svært varm novemberdag.

Vidar Hope

Varm luft frå sør kan føra til rekordhøg novembertemperatur her vest. Varmerekorden i Bergen er frå 4. november 2011. Den gong blei det målt 17,9 grader. Onsdag kan den rekorden vera historie.

– Her vest ligg me an til å få temperaturar på mellom 15 og 20 grader. Men det avheng av at det kjem ein del vind som pressar ned varmen frå fjelltopphøgd. Det må til om me skal få maksimal effekt av fønvinden, seier meteorolog Steinar Skare ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Så høge temperaturar i november ser me ikkje kvart år, men det skjer innimellom.

– 1. november 2014 blei det målt 17,3 grader i Bergen. Tafjord i Møre og Romsdal brukar å vera veldig varm med denne vindretninga. Der er også novemberrekorden. 6. november 2003 blei det målt 21,8 grader der, seier Skare.

Han legg til at det vil vera varierande skydekke, som ligg såpass høgt at me får ein fin novemberdag onsdag.

– Torsdag kjem det inn ein svak nedbørsfront og me får søraustleg vind. Då vil temperaturen liggja på 12-13 grader på maks. Fredag ligg an til å bli ein fin dag med periodar med sol og 12-14 grader, seier han.

I helga må me rekna med noko regn.

– Det blir meir vind og skya vêr. Det kjem nok mest nedbør i Rogaland. Laurdag og søndag vil det vera litt regn av og til, men i små mengder. Det er vindretninga som styrer kor mykje eller lite me får, seier han.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut